Nattestenger fylkesveg langs Sørfjorden
Fylkesveg 550 mellom Odda og Utne vert nattstengd i to veker grunna tunnelarbeid. Arbeidet startar måndag 4. mai.

Den nordlege tunnelportalen på Eitrheimstunnelen må utbetrast fordi betongen er i ein slik tilstand at det lek vatn inn i tunnelen. Repareringsarbeidet skal gjerast på nattetid for å hindre trafikken i minst mogleg grad.
Tilpassa ferjetider
Frå klokka 19.00 fram til klokka 23:15 er det sett opp kolonnetider som er tilpassa ferjeavgangane på sambandet Utne–Kvanndal. Etter dette er vegen heilt stengd fram til klokka 5:15 neste morgon. Berre utrykkingskøyretøy kan passere i dette tidsrommet.
Arbeidet skal avsluttast innan 16. mai.