Nattestenger bruer på Byrkjenesvegen for vask og inspeksjon

Med jamne mellomrom må bruene i Vestland inspiserast for å sikre at dei ikkje har skader. No er det bruene mellom øyene i Gulen som står for tur.

Bruene det gjeld er Mjåsundbrua, Mjømnesundbrua og Nappsundbrua på fv.5582. Arbeidet startar måndag 19. september. 

– Vi vaskar konstruksjonen, både for reingjering, men også fordi vaskinga vil fjerne dårleg maling og skjulte skader vil komme fram. Det gjer det enklare å utføre ein god inspeksjon, forklarer byggeleiar Kenneth Endestad Tennefoss.

Tunnelinspeksjonar blir utført i intervallar, med ein enkel inspeksjon kvart år, og ein grundigare inspeksjon kvart femte år. På denne måten har vi god oversikt over tilstanden på bruene på fylkesveg, og kan planlegge nødvendige vedlikehaldstiltak.

Vask vert utført på natt i veke 38 og 39. I samband med dette arbeidet må bruene stengast med opning for gjennomkøyring til oppsette tidspunkt.

Stengetider:

Veke 38 og 39

 

Kl. 21.20 - 22.15

stengt

Kl. 22.15 – 22.30

ope

Kl. 22.30 - 00.00

stengt

Midnatt

gjennomkøyring

Kl. 00.00 - 03.00

stengt

Kl. 03.00

gjennomkøyring ved behov

Kl. 03.00 - 05.15

stengt

Kl. 05.15

ope for fri ferdsel

Inspeksjon av bruer på dagtid:

Dei to siste dagane av arbeidsperioden skal det gjennomførast inspeksjon av bruene. Dette må skje på dagtid, og vil krevje stengingar.

Frå kl.10.45-14.20 kan vegen bli stengd i inntil ein til halvannan time.

  • Opning rundt kl 12.00 og 13.00.
  • Ope for fri ferdsel frå kl.14.20