Positive til stengt veg

Naboar jubla då fylkesvegen blei stengt i rushtida. No er resultata klare.

20200424_142205.jpg
INNKØYRING FORBODE: Mellom klokka 15.00 og 17.00 er det ikkje lov å køyre gjennom Drotningsvikveien i Bergen.

I april 2020 var politi, Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune på plass ved det som på folkemunne kallast «Badekaret» i Drotningsvik. Klokka 15.00-17.00 skulle vegen stengast for første gang. Naboane var lei og uroa av den unormalt høge trafikken kvar ettermiddag, og hadde fått ønsket sitt oppfylt med eit gjennomkøyring forbode-skilt.

Hausten same år var Vestland fylkeskommune ute for å registrere korleis åtferda i trafikken har endra seg som følgje av stenginga.
– Trafikktellingane viser at det har vore ein kraftig reduksjon i trafikken i Drotningsvikvegen i retning vest i ettermiddagsrushet. Det har også vore ein god reduksjon i Godviksvingane, medan det er registrert små endringar i Alvøyvegen og i Olsvikvegen, seier senioringeniør Tor Høyland i Vestland fylkeskommune.

Her er dei mest sentrale funna*:

  • Stor reduksjon i trafikk i Drotningsvikvegen.
  • Det er også registrert ein stor nedgang i trafikken i Godviksvingene.
  • Vesentleg auke i bilar som køyrer inn på rv. 555 ved Storavatnet og i Breivik og ein tilsvarande reduksjon i Drotningsvikkrysset.
  • Eit stort fleirtal av bebuarane er positive til reguleringa.

*Før- og etterregistreringene er basert på korttidsmålinger og det er ein usikkerheit med tala.

Det er registrert at færre el-bilar brukar kollektivfeltet mellom Breivik og Drotningsvik, noko som kan forklarast med totalt litt mindre trafikk på rv. 555, men også at trafikken flyt betre gjennom Drotningsvikkrysset fordi færre køyrer inn på rv. 555 i perioden etter stenginga. 
Høyland trur «proppen» i rv. 555-køen kan ha flytta seg frå Drotningsvikkrysset til Breivikkrysset.
– Vi har registrert ein stor nedgang i bilar som køyrer mot forbodsskiltet i krysset til Drotningsvik. Dette kan ha samanheng med betre trafikkflyt på rv. 555 i etterperioden.

Positive naboar

For å få eit best mogeleg bilde på korleis situasjonen er har naboar, skule, brannvesen, Tide og Bymiljøetaten i Bergen kommune fått komme med sine observasjonar og innspel. 
– Dei fleste er fornøygd med tiltaket, men det har fått nokre ringverknadar som bør sjåast nærmare på. Spesielt er påkøyringsrampa til rv. 555 ved Alvehaugen ein flaskehals som dei fleste meiner er forverra, seier Høyland. 

Fleirtalet av bebuarene i området er positive til tiltaket og ynskjer at det skal halde fram. Fleire ynskjer tiltak som minskar ulempene for bebuarane i Drotningsvikvegen og til dels i Godviksvingene. Mange opplever at det har vore ein trafikkauke i Godviksvingene, men trafikktellingane viser ein trafikkreduksjon. 

Ingen endring

Ulempene for bebuarane i Drotningsvikvegen er i hovudsak knytt til at dei må køyre omvegen via rv. 555 mellom Breivik og Drotningsvik. Omvegen er ikkje lang og normalt er den på få minutt.
– Dette er etter vår meining ei så lita ulempe at vi ikkje vil foreslå avbøtande tiltak. Anbefalinga er difor at trafikkreguleringa i Drotningsvikvegen held fram utan endringar, seier Høyland.

Ut frå registreringane og tilbakemeldingane, meiner Høyland at trafikkreguleringa i Drotningsvikvegen i sum har vore positiv. Særleg gjeld det i Drotningsvikvegen, men også i Godviksvingene har det vore ein god trafikkreduksjon.