Midlertidig bru og nedsett fart i Heggjabygda

Andersbakken bru vert stengd på grunn av vedlikehaldsarbeid, men trafikken vil gå på ei midlertidig bru rett ved.

– Vi skal utføre vedlikehaldsarbeid på bua. Stenginga vil truleg vare fram til jul, men vi veit ikkje heilt omfanget før vi har byrja på arbeidet og vurdert tilstanden på den, seier byggjeleiar Jarle Systad.

Trafikken kan gå som tilnærma normalt på den midlertidige brua mens arbeidet pågår, men med nedsett fartsgrense.