Manuell dirigering av trafikk over Askøybrua i helga

Askøybrua skal få nye pendellager på kvar side av brua. Dette er viktige komponentar som gjer at brua er fleksibel for vind og tung trafikk.

-Det er to  pendellager på kvar sida av brua som no skal skiftast ut, og dette skal vi gjennomføre to helgar på rad.

Det er ein stor operasjon å skifte pendellager, og det blir naudsynt å redusere farten og stenge eit felt. Det betyr at all trafikk vil gå i eit felt med styrt trafikk i begge retningar. Det vil vere trafikkdirigentar på kvar side av brua for at trafikken skal flyte best mogleg, seier byggjeleiar Melake Gebremichael i Vestland fylkeskommune.

Det blir manuell trafikkdirigering over Askøybrua frå
fredag 11. september kl. 20 og til måndag 14. september kl. 05.30.

-Arbeidet foregå på ei side av brua om gangen, og denne helga blir det på Askøysida. Folk vi sjå at det har kome stillas under brua.
Vi vel å gjere arbeidet i helger då trafikkmengda ikkje er så stor. Arbeidet er skilta på kvar side av brua, seier Gebremichael.

Sjå oppdatertete trafikkmeldingar på vegvesen.no

 

­­­­­­­­­­­­­