Løysing og plassering for bru over Esefjorden er klar

Vestland fylkeskommune har komme fram til at ei nokså rett bru nærare Holmen i Balestrand er den beste løysinga for kryssing av Esefjorden på fv. 55. Dette kjem fram i arbeidet med reguleringsplanen for rassikringsprosjektet.

Fv. 55 Bru over Esefjorden ligg inne i fylkeskommunen sin økonomiplanperiode 2021-2024 som eit rassikringstiltak med 771 millionar kroner. Budsjettet for 2022 og økonomiplan 2022-2025 blir vedtatt i fylkestinget i desember 2021. 

Sjå nettsida til prosjektet Fv. 55 Bru over Esefjorden

Omsyn til landskapsinngrep prioritert høgt

Fylkeskommunen jobbar no med reguleringsplanen for tiltaket, i samråd med Sogndal kommune. Planen med dei faglege vurderingane skal vere klar sommaren 2021, og blir sendt på offentleg høyring til hausten. Vurderinga av kva som er den beste løysinga for fjordkryssinga er no klar, og vart presentert på eit informasjonsmøte i Balestrand 21. april.

Grafisk illustrasjon som viser bilde av Balestrand sentrum og den planlgade brua på fylkesveg fv. 55 som skal krysse Esefjorden. Bygningar og Kviknes i hotell i framgrunnen og fjell og landskap rundt.
Den valde løysinga for bru over Esefjorden på fv. 55 er lagt nærare Balestrand sentrum.

– Saman med økonomi er det landskapsinngrepa som har vege tyngst i valet av løysing, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
– Den prioriterte løysinga er også betre for gåande og syklande, og tek omsyn til naturmangfaldet.

I den valde løysinga, omtala som alternativ 2C, vil brua gå ut nærare Holmen i Balestrand sentrum, mellom Storesva og Hamnen. Dette alternativet går så i ei nokså rett line over til Presthola på nordsida av fjorden, nærare Gjerdsviki.  Brua blir om lag 675 meter lang med t-kryss i begge endar, og det blir jobba vidare med både betong- og stålløysing. Fartsgrensa blir 60 km/t og det blir gang- og sykkelveg over brua.

Fleire alternativ vurdert

Eit tidleg forslag til løysing var ei bru som gjekk meir i boge over fjorden, med lang horisontalkurve og startpunkt lenger inne i fjorden (alt. 1A). Dei faglege vurderingane seier at det er vanskelegare å få til ei godt utforma bru med dette grunnlaget, og det blir ei vesentleg dyrare løysing. Eit betre alternativ var ei rettare bru med samme utgangspunkt. For m.a. å få nok areal til sjølve anleggsarbeidet er startpunkta på brua i eit tredje alternativ flytta noko lenger ut i fjorden, som skildra i alternativ 2C.

– Vi ser at med denne plasseringa kan inngrepa langs fv. 55 sør for Esefjorden reduserast, og vi kan forme terrenget rundt landkara betre. Vi får også større plass til trafikkavviklinga i anleggsfasen, seier Ingar Hals, planleiar i Vestland fylkeskommune.
Etter ei samla vurdering ser fylkeskommunen alternativ 2C som det klart beste alternativet,  grovt kostnadsrekna til 650 millionar 2021-kroner.

Mange omsyn

Alternativa er vurdert ut frå mange fagtema. Landskapsinngrepa som brua gjer både i fjorden og på land vart vekta tungt. Kulturarv har vore eit viktig tema i området, med omsyn til m.a. Balestrand sentrum, kunstnarbustaden Heimdalsstrand og middelalderkyrkjestaden på Tjugum. Når det gjeld naturmangfald var også alternativ 2C si plassering best, her blir det m.a. tatt omsyn til gamle tre med lokal verdi. Grunnundersøkingar viser at det er mykje leire i fjorden for alle alternativa. Men med den valde løysinga treng ein lite fyllingar i fjorden for å få til brua.

No reknar fylkeskommunen med planvedtak ved årsskiftet 2021/22, etter at reguleringsplanen har vore på høyring hausten 2021. Det vidare arbeidet blir bestemt i den politiske handsaminga av fylkeskommunen sitt budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025 i fylkestinget i desember.

Bilde frå møtesal frå bak i salen, 45 personar sit på stolar med ein meters avstand og ser på eit lerret og ein mann som snakkar om det han viser på lerretet.
45 personar møtte på fylkeskommunen sitt informasjonsmøte om kryssing av Esefjorden 21. april på i Balestrand.