Koronavirus og karantenereglar gjer at anleggsaktiviteten vil gå ned

For å hindre spreiing så har alle tilsette på fylkesvegprosjekta heimekontor.

– Vi er i kontinuerleg dialog med entreprenørane våre, og vi legg til rette for å ha møte med dei via Skype. Vi er opptekne av at alt arbeid og samhandling skjer på ein trygg måte for å ikkje utsette nokon fo­r smittefare, og for å halde framdrifta, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Avdelinga har ansvar for små og store fylkesvegprosjekt i heile Vestland. 

Krevjande for fleire entreprenørar

Med dei nye karantenereglane for tidlegare Sogn og Fjordane kan anleggsverksemda på nokre av prosjekta våre etter kvart stoppe opp.

– Entreprenørane har arbeidarar som er busett utanfor regionen, og situasjonen på anlegga blir vurdert frå dag til dag. Dette går utover framdrifta og det er sjølvsagt svært krevjande for fleire entreprenørar, seier Lefdal.

– På dei andre vegprosjekta som er i gong i Vestland fylke så følgjer vi råda frå FHI og kommunane saman med bransjen
for å hindre smittespreiing på våre anlegg, seier Lefdal.

På prosjekta vert det ikkje gjennomført fysiske møter, og dersom synfaring er naudsynt vert den gjennomført aleine.

Utlysing av prosjekt

Vestland fylkeskommune arbeidar for at entreprenøren ikkje skal bli skadelidande ved forseinka utlysing.

– No ser vi på om det er mogleg å endre på prioriteringar for å få prosjekta lyst ut tidlegare enn planlagt, seier Lefdal.

 

Kontaktperson:
Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Mobil: 957 00 813
E-post: dina.lefdal@vlfk.no