Arbeid på Kjøsnesfjorden bru

Kjøsnesfjorden bru på Skei treng vedlikehald. Dei neste vekene må trafikantane rekne med korte stengingar, og i ein periode blir brua heilt stengd for trafikk.

KJØSNESFJORDEN BRU: I bakgrunnen ser vi Kjøsnessundet med brua som det no skal utførast vedlikehald på. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)
KJØSNESFJORDEN BRU: I bakgrunnen ser vi Kjøsnessundet med brua som det no skal utførast vedlikehald på. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Arbeidet startar 31. mai, og varer til 4. august. Arbeidstida vil vere frå kl. 07:00 til 19:00, kvar vekedag. I fellesferien blir det fri ferdsel over brua.

Vêravhengig

Asfalten og det gamle dekket på brua skal fresast vekk, og nytt betongdekke skal støypast. I dei påfølgjande dagane vert vegen heilt stengd fordi betongen må herde. Ny asfalt kjem på plass i august.

Mykje av arbeidet som skal utførast er avhengig av opphaldsvêr. Det kan derfor bli behov for å flytte på aktivitetar undervegs.

Stenginga som var varsla frå 17. - 21. juni er utsett grunna nedbørsmengdene som er meldt denne veka. Vi kan ikkje utføre betongarbeidet som planlagt ved mykje nedbør.

- Opp mot helga set vi opp nye datoar for stenging ut frå vêrmeldingane. Trafikken kan difor passere, men brua er innsnevra, og anna vedlikehaldsarbeid vil pågå. Køyr forsiktig forbi, oppmodingar Jarle Systad, byggjeleiar på bruvedlikehald i Vestland fylkeskommune.

Stengetider:

2. juni – 3. juni

vegen stengd inntil 30 minutt

7. juni – 11. juni

vegen heilt stengd i 1-2 timar

23. juni  kl. 16:00– 28. juni kl. 08:00

Vegen heilt stengd for trafikk
Tilrettelagt for mjuke trafikkantar frå fredag 24.juni.

2. august – 4. august

vegen stengd inntil 30 minutt