Hovudutvalet handsama samferdsleprioriteringane

Hovudutval for samferdsle og mobilitet drøfta fylket sine prioriteringar på samferdsleområdet til Nasjonal transportplan 2022-2033. Fylkestinget i Vestland skal levere endeleg høyringsuttale 12. mai.

– Vi har store uløyste utfordringar innan samferdsle i dette mangfaldige fylket, og hovudutvalet hadde ein brei politisk diskusjon med vilje om å samlast rundt prioriteringane våre, seier hovudutvalsleiar Jannicke Bergesen Clarke.
Jannicke Clarke liggende bilde.jpg
LEIAR: Videomøtet i hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune blei leia av hovudutvalsleiar Jannicke Bergesen Clarke.

Brei politisk diskusjon

Hovudutvalet fatta i møte 28. april eit samrøystes prosessvedtak i saka «Nasjonal transportplan 2022-2033 - Prioriteringar». I vedtaket heiter det at «Utval for samferdsle og mobilitet tek drøftinga til vitande og sender saka vidare til fylkesutvalet 30.april.»

Partia vil no jobbe vidare med å finne ei brei tverrpolitisk einigheit i saka, som fylkesutvalet skal behandle vidare allereie torsdag.

– Vestland er eit stort fylke med ulike behov, frå rassikring og vegvedlikehald til nye prosjekt. Vi er einige om at det framleis må vere høge rammer til Vestland i Nasjonal transportplan 2022-2033, seier Clarke.

Endeleg vedtak 12. mai

Fylkesutvalet skal behandle «Nasjonal transportplan 2022-2033 - Prioriteringar» og hovudutvalet sitt prosessvedtak i saka i møte 30. april.

Endeleg vedtak i saka blir gjort i møte i fylkestinget 12. mai.

Kontakt

Jannicke Bergesen Clarke
leiar, hovudutval for samferdsle og mobilitet
483 68 908