Halvvegs i Flotunnelen

Det har vore utfordringar, men vi er no halvvegs, og det går mot gjennomslag i Flotunnelen innan utgangen av 2020.

Første salve gjekk i august 2019, og til no er det drive 1145 meter tunnel frå Flo, og 735 meter frå Veslebygda. Når den står ferdig skal tunnelen vere nesten fire kilometer lang.

Gravemaskin på gruslagt område ein ettermiddag i mars.
HALVVEGS: Flotunnelen vert driven frå begge sider, frå Flo og frå Veslebygda. Bildet er frå riggområdet på Flo.

Vatn som kjem ovanfrå, og som har laga seg årar inn og ned i fjellet har vore ei utfordring for tunneldrivinga. Vatn i tunnelen betyr mykje meirarbeid for tunneldrivarane og forsinkar framdrifta, fortel prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

– Dette krev ekstra tiltak, som er tidkrevjande, men naudsynt før ein kan bore og sprenge som planlagt.

I tillegg til problema med vatn, har det vore enkelte parti med bergspenningar som også har gjeve utslag på framdrifta. Alt dette er likevel vanlege utfordringar for tunnelarbeid, og noko entreprenør og byggherre er vande med å handtere.

Situasjonen landet no står oppe i knytt til koronaviruset, med karantenereglar og strenge retningslinjer for å hindre smitte av sjukdommen covid-19, set oss på ei heilt ny prøve, seier Tytingvåg.

– Framdrifta har dei siste vekene vore prega av usikkerheit på grunn av smittesituasjonen, og kva regler som gjeld rundt dette. Byggherre og entreprenør innførte tiltak tidleg i mars for å hindre overføring av smitte, fortel prosjektleiaren.

Enkelte leverandørar kan på sikt få utfordringar med sine leveransar, noko som vil forsinke framdrifta. Det står att å sjå.

Mann med hjelm og gul jakke.
GJENNOMSLAG I 2020 : – Dersom vi klarar å halde produksjonen oppe etter påske også, og alle held seg friske, så ser vi føre oss gjennomslag i Flotunnelen på slutten av 2020, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.