Snart tid for kantslått

Om få veker startar slåttesesongen langs fylkesvegane i Vestland. Ved å vedlikehalde gjerda sine kan grunneigarar gjere jobben litt lettare for entreprenørane våre.

Kantslått er viktig både for å sikre god sikt og trafikktryggleik, men også for å hindre spreiing av uønska artar langs vegane, som hagelupin, kjempebjørnekjeks og kjempespringfrø.

For å gje gode tilhøve for dei artane vi ynskjer å ta vare på, skal kantslåtten skje til visse tidspunkt gjennom sommaren.

Grunneigar sitt ansvar

Private gjerde tett på fylkesvegane gjer jobben vanskelegare for dei som skal utføre kantslåtten. Mykje vegutstyr vert øydelagt fordi gamle gjerde ligg for langt inn i vegen.

–Grunneigarane har sjølve ansvar for å sjå etter gjerda sine og sikre at dei er i skikkeleg stand, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Vestland fylkeskommune.

Langs fylkesvegar er det fylkeskommunen som eig også ein god del av området utanfor vegen. Gjerde skal settast opp minst tre meter frå kvitstripa. Dette er regulert gjennom veglova og i forskrift om gjerde ved offentlig veg.

– Kravet til avstand er viktig for at entreprenørane skal få gjort nødvendig arbeid som kantslått, grøftereinsk og rydding langs vegane, seier seksjonsleiaren.

Grunneigarane si oppgåve er å sikre at gjerdestolpane står beint, og at tråd eller netting er skikkeleg stramma. Gjerde som er øydelagde eller ikkje i bruk må fjernast. Gjerdeapparat eller anna utstyr som ligg i grøft eller vegområde må takast vekk, eller merkast slik at det er godt synleg for dei som utfører kantslåtten.

Vekk med piggtråd

Av omsyn til dyrevelferd er det forbode å nytte piggtråd ved vedlikehald av gjerde eller oppsetting av nye gjerde for å regulere dyrs ferdsel. 

Piggtråd ved veg kan også vere til fare for gåande og syklande om dei skulle komme utanfor vegen.

TETT PÅ: Når gjerde er festa til rekkverksstolpen på denne måten vert det vanskeleg å utføre kantrensk.
TETT PÅ: Når gjerde er festa til rekkverksstolpen på denne måten vert det vanskeleg å utføre kantrensk.