Fylkesvegen i Ljoteli vert stengd i tre veker grunna sikringsarbeid

Ustabile steinmassar gjer oppryddinga og sikringa av rasområdet i Ljoteli tidkrevjande og vanskeleg.

RASOMRÅDE: Slik ser det ut i Ljoteli ei veke etter raset. Noko av massane er utløyst av seg sjølv i dagane etter raset, noko er reinska ned av fjellsikrarar. Området midt i bildet er for ustabilt til at fjellsikrarane kan bevege seg der. (Foto. Tord Are Meisterplann/Vestland fylkeskommune)
RASOMRÅDE: Slik ser det ut i Ljoteli ei veke etter raset. Noko av massane er utløyst av seg sjølv i dagane etter raset, noko er reinska ned av fjellsikrarar. Området midt i bildet er for ustabilt til at fjellsikrarane kan bevege seg der. (Foto. Tord Are Meisterplann/Vestland fylkeskommune)

– Ljoteli et eit utfordrande område, seier Tord Are Meisterplass, ingeniørgeolog i Vestland fylkeskommune. Han følgjer sikrings- og oppryddingsjobben på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

Fjellsida aust i Øvre Årdal består av pyroksengranulitt med granodioritt-intrusjonar, altså stein og blokker som ligg i laus urmasse med opne sprekker. Det gjer det svært utfordrande å drive fjellsikring.

– Det blir ei slags dominoeffekt, der inngrep på ein plass i fjellsida kan sette steinar og massar i bevegelse, og det kjem ras ein annan stad – ei slags fjernutløysing. Vi kan difor ikkje ha arbeidsfolk i desse ustabile områda, og ikkje ha trafikk på vegen medan sikringsarbeidet pågår, seier Meisterplass.

Mykje nedbør er medverkande årsak til at det første raset starta i ei lita grov 15 meter over vegen, og tok med seg stein og lausmasser nedover. Nokre lause blokker låg igjen tett ved rasløpet og måtte fjernast.

Men når fjellsikrarane i Stetind Entreprenør skulle starte reinskinga og oppryddinga etter det første raset merka dei at det losna stein rett i nærleiken. I løpet av første natta kom det ned store mengder stein og jord ved sidan av det første skredløpet, og det har rasa jamleg i området den siste veka.

Jobbar frå lift

Fordi fjellsikrarane ikkje kan opphalde seg i dei mest ustabile områda, må dei difor komme til ovanfrå, eller frå liftar som står nede på vegen.

– Heldigvis har vi eit svaberg under skredmassane, rett over vegbana. Det gjer at steinar som losnar sklir relativt kontrollert nedover, og ikkje kjem sprettande. Når fjellsikrarane har reinska vekk dei ustabile partia, kan vi starte arbeidet med å fjerne alt av stein og jord som ligg over og oppå vegen, før vi kan starte på arbeidet med å installere permanent sikring.

For å sikre fjellsida og ivareta tryggleiken til arbeidarane må dei starte frå toppen og sette lange boltar som når gjennom dei ustabile massane og inn i grunnfjellet. Frå desse skal dei strekke eit rasnett nedover, dette skal stabilisere fjellsida undervegs.

– Konvensjonelt sett kunne vi sikra sida med bergboltar, men i Ljoteli er massane for ustabile å bore gjennom og ned på grunnfjell, her er det lause blokker oppå lause blokker. Difor startar vi heller høgt oppe der det er stabilt, og jobbar oss nedover, forklarer Meisterplass.

Rasfarleg li

Det vil gå tre veker før vegen er trygg nok til å opnast for trafikk. Seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i fylkeskommunen, Eivind Yttri, seier han forstår om folk stussar over at vegen i Ljoteli blir stengd grunna ras berre få månader etter at det vart opna ein ny tunnel.

– Det er dette som er så vanskeleg med rassikring i Vestland – kor sluttar ein? Det er registrert nedfall av stein og is heile vegen ned Ljoteli til Øvre Årdal, men ikkje mange hendingar i det området der raset gjekk i førre veke. Ljotelitunnelen avløyste ei strekning der det gjennom åra har vore mange ras, så at den har sin misjon er det liten tvil om, seier Yttri.