Fylkesvegane bur seg på å bli trefte av «Gyda»

Ekstremveret «Gyda» er varsla å komme inn over Vestland i løpet av onsdag. Entreprenørane er tysdag ute langs vegane for å sjekke at sluk og kummar er opne.

– Det vi først og fremst kan gjere i forkant er å reinske stikkrenner og grøfter. Målet er å halde vassvegane opne når uvêret og regnet treff oss onsdag. Vi held også kjende skredpunkt under ekstra observasjon, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune.

Det er vanskeleg å vite eksakt kor uvêret vil treffe hardast, og det kan vere store lokale skilnader. Kanskje kjem skred- og flaumhendingane på stader der ein ikkje har opplevd det før.

– Vi gjer det vi kan for å førebu oss, og kan kome til å stenge dei vegstrekningane vi veit er utsette for skred. Vi har gode rutinar på å ruste oss for slike hendingar saman med entreprenørane våre, understrekar Yttri.

Avgjerda om å stenge rasutsette vegar preventivt vert gjort på bakgrunn av vêrprognosane, og vurderingar gjort ilag med driftsentreprenør, geologar og byggherrepersonell.

Desse vegane vert stengde tysdag:
  • Fv. 5720 Hjellestranda er allereie stengd.
  • Fylkesveg 609 ved Heilevang vert stengd tysdag ettermiddag kl. 17:00.
Følgjande fylkesvegar vert stengde frå i kveld kl. 23.00:
  • Fv. 5744 Fossebakken-Navelsaker ved Navelsakerstranda
  • Fv. 5722 Veslebygda-Flo
  • Fv. 5723 Sande-Bødal
  • Fv. 5724 Sandnes-Briksdal

– Vi følgjer situasjonen fortløpande med tanke på tidlegare opning dersom vêrprognosane endrar seg, og vêrsituasjonen vert mindre alvorleg enn det ser ut pr. no, seier Yttri.

FAREVARSEL: NVE har gått ut med  varsel om stor fare for jord-, sørpe- og flaumskred i deler av Sør- og Midt-Norge. I oktober kom store steinar ned på fv. 5637 mellom Ornes og Skjolden. (Foto: Ingrid Hynne, Vestland fylkeskommune)
FAREVARSEL: NVE har gått ut med varsel om stor fare for jord-, sørpe- og flaumskred i deler av Sør- og Midt-Norge. I oktober kom store steinar ned på fv. 5637 mellom Ornes og Skjolden. (Foto: Ingrid Hynne, Vestland fylkeskommune)

Publisert 11. januar 2022, kl. 16:45