Fylkesvegane over Gaular- og Sognefjellet vert opna denne helga

Dei to fjellovergangane som har vore vinterstengde, vert opna i løpet av dei neste to dagane. Vegen over Sognefjellet vert nattestengd den første tida.

Veg med mykje snø og høge brøytekantar
SOGNEFJELLET: Fylkesveg 55 over Sognefjellet vert opna 2. mai, men vert framleis stengd på natta ei tid framover.

– Vegen fram til fylkesgrensa frå vestsida av Sognefjellet skulle uansett opnast innan 2. mai klokka 08:00, men mykje snø og skredfare ved Bøvertunsvatnet, gjorde at det lenge var usikkert om vegen frå fylkesgrensa og austover ville kunne opne til same tidspunkt, seier Rune Sverre Sande, leiar for drift område nord i Vestland fylkeskommune.

Dei siste meldingane frå kollegaene i Innlandet fylkeskommune er at snøfresinga no er i rute, og at skredfaren vert vurdert til å vere såpass liten av vegen kan opnast laurdag morgon. Men, i ei tid framover vil vegen over Sognefjellet vere stengd mellom klokka 20:00 på kvelden og 08:00 på morgonen.

Framleis stengt mellom Bjordal og Matre

veg med høge brøytekantar
FV. 13 GAULARFJELL: Brøytekantane ber bod om mykje snø i fjellet denne våren.

Sjølv om Gaularfjellet no vert opna, kan det framleis bli stengingar utover våren på grunn av skred eller fare for skred. Det er mykje snø i fjellet, og sol og varme kan utløyse solskred frå fjellsidene. Noko som også er ei utfordring på alle fjellovergangane er dei høge brøytekantane, som kan smelte og kollapse.

Langs fylkesveg 5442 mellom Bjordal og Matre er det framleis så mykje snø og rasfare, at vegen ikkje kan opne innan 1. mai.

– Fresinga av vegen er no stogga i påvente av at ein geolog skal på synfaring i området før helga. Han skal spesielt sjå på eitt parti som reknast som rasfarleg, og vi må difor komme tilbake med opningsdato, seier Mariann Kråkenes Jørgensen, leiar for drift i område sør.

Kontaktpersonar i Vestland fylkeskommune:

Gaularfjellet og Sognefjellet:
Rune Sverre Sande
leiar for drift område nord
Telefon: 918 87 230/ e-post: Rune.Sverre.Sande@vlfk.no

Fv. 5442 Matre – Bjordal:
Mariann Kråkenes Jørgensen
leiar for drift område sør
Telefon:  950 88 763/ e-post: mariann.krakenes.jorgensen@vlfk.no