Mykje aktivitet på fylkesvegar i Hyen

Skredsikringsprosjektet og utbetringa av ein mur i Ommedalsstranda er snart ferdig, og i desse dagar startar eit opprustingsarbeid på fv. 615 mellom Hyen og Storebru.

Skredsikringsprosjektet på fylkesveg 5730 i Austredalen starta i 2019, men vart sett på pause gjennom vinteren då det i samband med ekstra grunnundersøkingar vart oppdaga kvikkleire i grunnen

Stabile grunntilhøve

Arbeidet starta oppatt i mai i år, og no er den eine rasvollen ferdig, berre litt finpuss står att i endane.

DJI_0074.JPG
SKREDVOLL: Den eine av to skredvollar er no ferdig.(Dronefoto: Anders Systad Aasen, Vestland fylkeskommune)
DJI_0076.JPG

– Framdrifta er god, og entreprenør Contexo satsar på å vere ferdig i løpet av oktober, seier byggjeleiar Jørn Inge Grytten.

Det fremste tiltaket for å unngå kvikkleire var i all hovudsak å flytte skredvollane. Vollane vart justert noko, og trekt lengre opp i terrenget. Der er grunntilhøva betre, og det blir mindre trykk på grunnen.
Ved oppstart i mai vart det installert rystelsesmålarar i området, og geologane i Vestland fylkeskommune har følgt med på måleresultata.

– Vi har halde oss unna dei sonene der det er leire, og det er ikkje noko i grunnen som viser teikn til å røre på seg. Alt ligg stabilt, seier Grytten.

DJI_0086.JPG
SKREDSIKRINGSPROSJEKT: Dei to skredvollane skal leie vekk snøfonner som kjem frå dei bratte fjellsidene ved Åvatnet.

Mur i dårleg forfatning

Litt lengre nede i Austredalen har det vore arbeid på nattestid sidan midten av august. På ei 170 meter lang strekning er muren på nedsida av vegen bygd opp på nytt, og gammal vegmasse skal fjernast og erstattast med ny masse.

– Det er to til tre veker att med arbeid, så er vi bortimot ferdige. Då manglar betongrekkverk og asfalt, når det vert utført er avhengig av vêret.

Arbeidet skulle eigentleg vere klart innan 17. desember. Prosjektet ligg dermed godt an.

– Det har samanheng med at det har vore arbeidd på natta. Det kostar meir, men gjer at vi slepp mange stengingar og får mykje betre framdrift, seier byggjeleiaren.

Fv. 615 Hyen - Storebru

Også på fv. 615 skal det gjerast nokre opprustings- og vedlikehaldstiltak denne hausten. Skogryddinga har starta, og snart kjem maskinene som skal gå i gang med å utvide vegen nokre stader, betre siktsoner og fylle i svingar slik at dei får betre fall.

– Det skal vere arbeid fleire plassar på strekninga, men vi satsar på å gjere jobben utan for lange stengingar. Men trafikantane må legge inn litt ekstra tid og vise omsyn, for vegen er smal, seier Grytten.

Det er entreprenør Mesta som skal utføre arbeidet på oppdrag for Vestland fylkeskommune. Tidsfrist for ferdigstilling av tiltaka er 17. desember.