Furebergfossen bru snart ferdig
No er Furebergfossen på fv. 500 i Kvinnherad nesten ferdig. I desse dagar blir det montert rekkverk på brua.
-Noko arbeid står att. Vi skal få opp såkalla vingemurar, og vi skal få på plass avslutningar i begge ender og legge dekke på. Den gamle brua skal rivast når trafikken går over den nye brua. Dette skal skje i månadskiftet mai/juni, seier byggjeleiar Terje Nesse.
Han seier vidare at muren langs ny veg er ferdig og at dei arbeidar i dag med mur for stopplomme inn mot brua. Desse murane står på «tørt land» og det er lagt ut plastring/erosjonsikring framfor desse.
Utfordring med vatnet i fossen
Det er lagt ut steinsetting i elveløpet under brua og i sjøen.
-Det som står att her er steinsetting inn mot fjellet. Her kan det bli ein utfordring med vatnføring i elva. Arbeidet vil skje midt i elva, og vi må gjere dette når elva er liten. Det er ikkje mogleg å leie vatnet utanfor område vi skal arbeide i, seier Nesse.

