Framleis ustabile masser i Oldedalen – nattestengt til torsdag morgon

Dei siste dagane har det kome fleire jordskred på fylkesveg 5724 ved Strand i Oldedalen. Vestland fylkeskommune vurderer no ulike tiltak for å sikre vegfarande.

Jordskred Oldedalen 25. november 2020 (Foto: Even Hjelle/Statens vegvesen)
Jordskred Oldedalen 25. november 2020 (Foto: Even Hjelle/Statens vegvesen)

– Det har kome mykje nedbør i det siste, og det kan ta lang tid før massane ligg stabilt, seier leiar for drift nord, Rune Sande.

Vegen blir difor nattestengd frå klokka 20.00 onsdag kveld til klokka 07.00 torsdag morgon.

Vi vurderer no ulike tiltak for å hindre at skredmassene når vegen, og det kan bli aktuelt å stenge vegen når det er meldt nedbør. Ein geolog har vore på synfaring i området i dag, og vi veit meir om løsnepunkt for skredet og grunnforholda når han har gått igjennom sine funn, seier Sande.

– Vi kjem attende med meir informasjon i morgon når geologen har levert sin rapport. Inntil då jobbar vi med å få fram ei liste over moglege strakstiltak.

Fylkeskommunen er også i dialog med Stryn kommune for å sjå på korleis ein best kan sikre beredskap og varsling til innbyggjarane i Oldedalen.

Jordskred Oldedalen 25. november 2020 (Foto: Even Hjelle/Statens vegvesen)
Jordskred Oldedalen 25. november 2020 (Foto: Even Hjelle/Statens vegvesen)