Ferjeavløysingsmidlar til Ytre Steinsund bru

– Dette er ein stor dag for Vestland, for Solund, og ikkje minst innbyggjarane i vår vestlegaste kommune. Det er ekstra kjekt, når ein veit kor etterlengta dette har vore, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no fastsett årleg beløp med ferjeavløysingsmidlar og lengda på utbetalingsperioden for prosjektet Ytre Steinsund bru. Prosjektet vil utløyse 21 446 000 kroner (2020-kroner) i årlege ferjeavløysingsmidlar, over ein utbetalingsperiode på 22 år.

Brua over Ytre Steinsund skal erstatte ferjesambandet Daløy– Haldorsneset, og innbyggjarane får dermed eit fast og døgnope samband til Ytre Sula.

– Når Ytre Steinsund-prosjektet realiserast, markerer det ei ny tid – ikkje minst for innbyggjarane som i dag er avhengige av to ferjer for å koma til fastlandet, seier Askeland.

Brua kan stå klar i 2024

Før arbeidet kan lysast ut, må fylkestinget gjere eit endeleg finansieringsvedtak basert på tilsagnet om ferjeavløysingsmidlar.

Når fylkestinget har gjeve klarsignal for oppstart, kan prosjektet lysast ut. Etter planen skal prosjektet delast i to, ei kontrakt for vegsamband og ei kontrakt på brubygginga. Samla sett reknar ein med tre til fire års byggetid.

Vegdelen av prosjektet kan lysast ut sommaren 2021, med byggestart same år. Parallelt vil det pågå prosjektering av brua, ei kontrakt som kan vere klar til utlysing våren 2022. Byggetid på brua vil vere i overkant av to år.

FERJEAVLØYSING: Illustrasjon som viser korleis Ytre Steinsund bru kan sjå ut.
FERJEAVLØYSING: Illustrasjon som viser korleis Ytre Steinsund bru kan sjå ut.