Får behalde arealet til uteservering

Vestland fylkeskommune gir Café Opera medhald i ei klage om areal for uteservering på fylkeskommunale fortau i Bergen sentrum.

-Vi vil vere så løysningsorienterte som vi kan, og legg til rette der forholda gjer detmogleg, seier seksjonsleiar John Martin Jacobsen i Vestland fylkeskommune.

Saka om bruk av fylkeskommunale fortausareal til uteservering har vore mykje omtalt i media i det siste. Fylkeskommunen forvaltar fortau knytt til fylkesveg.

– Vi har gjort ei ny vurdering av Café Opera si sak, og vi har kome fram til at denne aktøren får behalde sitt areal til uteservering.

Trafikktrygging er viktigast
Jacobsen vil streka under at fylkeskommunen vurderer kvar einskild sak for seg.

-For oss er trafikktrygging det viktigaste, og at mjuke trafikantar og dei med særskilte behov  kjem seg fram på våre fortau, seier Jacobsen. Det er stor forskjell på kommunal veg og fylkesveg, og fleire fortau langs fylkesvegar i Bergen har lite plass med mange fotgjengarar og mykje biltrafikk i køyrebana.

-Dette gjer at det er vanskeleg å gje alle plass til si verksemd  på fortaua, seier Jacobsen.

I førre veke var det dialogmøte mellom utelivsbransjen og avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Tett dialog framover
-Dette er starten på noko bra og konstruktiv, og vi opnar opp for tett dialog med dei einskilde aktørane framover. Vi skal gjere teljingar og vurderingar av fotgjengarar som vil gje oss eit betre grunnlag for å vurdere arealbehov i samarbeid med Bergen kommune og Statens vegvesen, seier Jacobsen.

Sjå meir informasjon om korleis ein søker om leige av fortausareal til uteservering.