Entreprenørfirmaet Contexo konkurs – full stans på anlegga i Svelgen, Askøy og Åstranda 

– Det viktigaste for oss no er å sikre tryggleiken til dei som ferdast ved anlegga våre, seier Gunhild Vangsnes, seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune.   

Fylkeskommunen har hatt kontrakt med Contexo på tre prosjekt; fv. 213 Skiftesvik–Marikoven på Askøy, fv. 614 Breivika-Svelgen i Bremanger og på bygging av to skredvollar på fv. 5730 i Åstranda i Hyen.  

 Vi blei informert om konkursen på fredag, og vi har hatt kontakt med bustyrar gjennom helga. Vi kjem til å varsle heving av kontraktane, seier Vangsnes. 

Sikrar anleggsområdet 

 Arbeidet med skredvollane i Åstranda skulle vere ferdig i løpet av novemberDet hastar med å bli ferdig med skredvollane innan snøen kjem. Vi jobbar difor hardt med å få på plass ei alternativ løysing her, slik at dei som brukar denne vegen kan køyre trygt til vinteren, seier Vangsnes. 

Gang- og sykkelvegen i Svelgen, og prosjektet Skiftesvik-Marikoven på Askøy er om lag halvvegs. 

 På prosjektet i Svelgen blir det gjort ein innsats for å sikre anleggsområdet, som både har opne grøfter og fjellskjeringar. Det same gjeld strekninga på Askøy, også der vil vedlikehald og sikring av vegen bli ivaretatt, seier Vangsnes.