Ekstra koronamidlar til fylkesvegar i Vestland

Regjeringa deler ut 400 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegar, og Vestland har fått 76 av desse.

- Vi har eit enormt behov for vedlikehald på fylkesvegane våre, så dette er midlar som kjem veldig godt med, seier Jannicke Bergesen Clarke, leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune.

Auke aktivitet og jobbar i koronakrisa

For å stimulere til aktivitet og jobbar i heile landet i samband med koronakrisa, fekk regjeringa seint i 2020 med seg eit fleirtal i Stortinget på å løyve 400 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegar.
I følgje regjeringa skal midlane komme i tillegg til dei prosjekta og tiltaka som allereie er planlagt for 2021 av fylkeskommunane. Det er ikkje stilt krav til eigendel frå kommunane, og pengane skal gå til vedlikehaldstiltak og mindre utbetringstiltak. Tiltaka må gjennomførast i løpet av 2021.

Statens vegvesen hadde ansvar for fordelinga, og inviterte fylkeskommunane til å søke på midlane. Denne veka vart det klart at Vestland får 75,7 millionar, mest av alle fylka i landet, følgt av Nordland og Troms og Finnmark.

Mest til dekke og rekkverk

Søknaden frå Vestland fylkeskommune inneheldt ei detaljert oversikt over kva konkrete tiltak midlane var tenkt å gå til, og det er denne lista fylkeskommunen no skal gjennomføre i løpet av 2021.

Ein stor bit av potten skal gå til dekkelegging, med 41 millionar, men rekkverk og fjellsikring får også sin del, med høvesvis 15 og 6,4 millionar. Dei resterande midlane går til vedlikehald av el-installasjonar og diverse tiltak som grøfting, stikkrenner, murar, dekkelapping og kummar.

Midlar til heile fylket

Blant tiltaka er vedlikehald av fjellskjering og fanggjerde langs fv. 5442 Stordalsvegen i Masfjorden, utskifting av mellombels belysning i to tunnelar på fv. 50 Aurland – Hol, nytt dekke på fv. 55 i Hafslo i Luster og vedlikehald av grøfter og utskifting av stikkrenner på fleire fylkesvegstrekningar i Hafs-regionen.