Eit felt stengt over Askøybrua i helga

Denne helga skal arbeidet skje på Bergensida av brua. Likt med førre helg blir det eit felt med trafikk i begge retningar, og farten blir satt ned.

Askøybrua skal få nye pendellager på kvar side av brua.  Dette er viktige komponentar som gjer at brua er fleksibel for vind og tung trafikk.

-Sist helg blei det ein del kø på Askøysida, og denne gongen skal vi gjere ein del grep for at det ikkje skal bli for mye stopp i trafikken, seier byggjeleiar Melake Gebremichael i Vestland fylkeskommune.

- Vi kjem ikkje til å nytta ledebil denne gongen og trafikken vil ikkje bli stoppa i enden av brua, men like ved der arbeidet går føre seg. Vi trur det blir mindre stopp og betre trafikkflyt med dette, seier han.

Eit felt blir stengt over Askøybrua frå
fredag 18. september kl. 20 og til måndag 20. september kl. 05.30.

Arbeidet er skilta på kvar side av brua, seier Gebremichael.
Sjå oppdaterte trafikkmeldingar på vegvesen.no

­­­­­­­­­­­­­