Ny kontraktsform i Nordfjord opnar for fleire lokale entreprenørar

Når drift av fylkesvegane i Nordfjord blir lyst ut til hausten blir det i mange og mindre kontraktar. Målet er å få meir drift for pengane.

Kontraktsområde Nordfjord består av 460 kilometer fylkesveg og 14 kilometer gang- og sykkelveg. Det famnar om kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn, Gloppen og Sunnfjord.

Ynskjer større konkurranse

Tidlegare har det vore vanleg å lyse ut eit kontraktsområde i ei stor kontrakt, med ein hovudentreprenør som utfører arbeidet med hjelp av mindre underentreprenørar.

– Kostnadane ved dei store driftskontraktane har auka kraftig dei siste åra, og konkuransen er liten. Dei siste kontraktsutlysingane har berre hatt to-tre tilbydarar, og nokre få, store entreprenørfirma dominerer. Med denne nye kontraktsforma håpar vi på meir deltaking frå små og mellomstore entreprenørar, men også dei store kan vere med i ei slik konkurranse, seier leiar for drift nord, Rune Sverre Sande.

Kontraktsforma vert kalla byggherrestyrt med delt funksjonsansvar.
Det betyr at arbeidsprosessane vert delt opp i mindre kontraktar, ca. 30. Nokre av dei har entreprenøren funksjonsansvar på som t.d. vinterkontraktane, og fylkeskommunen som vegeigar har det resterande ansvaret.

– Driftskontraktane har til no i stor grad bestått av arbeid som vert prisa som fastpris, vi som byggherre har hatt mindre fridom til å bestille arbeid der det trengst mest på vegnettet og til å gjere endringar og tilpassingar i løpet av kontraktsperioden. No tek vi meir kontroll sjølve, og testar ut ulike metodar for registrering og utbetring i Nordfjord. Vi trur dette vil gje oss gode løysingar vi kan nytte i framtidige driftskontrakter.

Ikkje alle geografiske område er eigna for denne type kontrakt, men i Nordfjord ligg alt godt til rette, meiner Sande.

– Vi har eit godt samarbeid med kommunar og vegvesen, eit oversikteleg og greitt kontraktsområde, og mange dyktige entreprenørar i området.

Dei første kontraktsutlysingane kjem i oktober 2022, men oppstart vert ikkje før 1. september 2023.

Fylkeskommunen skal også lyse ut nye stillingar som vegvaktarar.

– Vil dette krevje meir administrasjon?

– Det blir noko meir bemanning, men vi slepp administrasjonsleddet hjå ein hovudentreprenør. Fordelen er at vi er tettare på, seier Sande.
– Vi må tore å tenke nytt og teste ut andre metodar, som vi igjen kan ta inn i andre driftskontrakter.