Drift på vegprosjekta i Vestland er starta opp att

Som kjent så skapte karantenereglane i tidlegare Sogn og Fjordane problem for aktiviteten på fylkesvegprosjekta i fylket, og prosjekt stoppa opp. No er karantenereglane oppheva, og dette gjer at dei fleste fylkesvegprosjekta vil etter forholda gå som normalt.

– Vi er sjølvsagt glad for dette, og ikkje minst på vegne av entreprenørane som har ein vanskeleg tid i situasjonen med
koronaviruset. Vi har framleis heimekontor i Vestland fylkeskommune og på dei einskilde prosjekta følger vi alle råd frå
FHI for å hindre meir smitte, seier Dina Lefdal avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

– Dei fleste vegprosjekta er i gang, men nokon prosjekt går med redusert kapasitet. Dette vil nok gå utover framdrifta på
dei prosjekta det gjeld, seier Lefdal.

Kontaktperson:
Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Mobil: 957 00 813
Epost: dina.lefdal@vlfk.no