Desse vil ha elektrokontrakten for fylkesvegar i den sørvestlege delen av Vestland

Eviny Solutions AS hadde det lågaste tilbodet på 85 millionar, følgt av BMO Elektro AS med 98 millionar då det i dag var opning av elektrokontrakt E4651 Bergen.

Publisert 22. april:

Elektrokontrakt Bergen gjeld frå oktober 2022 til oktober 2027, og omfattar den vestlege delen av gamle Hordaland, frå Stord og heilt nord til Sognefjorden.

Entreprenøren som får kontrakten skal ha ansvar for drift- og vedlikehaldsoppgåver knytt til elektriske anlegg, inklusiv styringssystem i tunnel, på veg og bruer.

Kontrakten inneheld mellom anna 30 tunnelar, blant dei er Knappetunnelen på fv. 557 i Bergen, ein tunnel som har 11 000 køyretøy i årsdøgntrafikk (ÅDT) og to tunnelløp (mot Bergen sentrum og mot Flesland).

Kontrakten inneheld også:

• 162 trafikksignalanlegg
• 8 vêrstasjonar
• 74 trafikktellepunkt
• 12 variable skilt
• 22 bruer med elektriske anlegg
• 30 kaier med elektriske anlegg
• 5523 lyspunkt utanfor tunnel

Kvalitetssikring av tilboda

No startar arbeidet med å kontrollrekne tilboda og kvalitetssikre dokumentasjon og kvalifikasjonskrav, før Vestland fylkeskommune tek ei endeleg avgjerd om kven som får oppdraget.

– Vi er godt nøgde med interessa for denne kontrakten, og prisane ligg litt under budsjett, seier leiar for elektro i Vestland fylkeskommune, Sigbjørn Rabbe.

Namn på tilbydar

Tilbudssum, ekskl. mva.

BMO Elektro AS

 kr    98 441 252,-

Eviny Solutions AS

 kr     84 911 385,-

Mesta AS

 kr     109 758 895,-

Otera Traftec AS

 kr     124 954 544,77,-