Desse fylkesvegane får millionar i tilskot

Fylkesvegar som er viktige for næringslivet får til saman 135 millionar kroner.

Vestland fylkeskommune har gjennom tilskotsordninga «Fylkesvegar som er viktige for sjømatnæringa» fått 54 millionar kroner til seks prosjekt for utbetring av viktige vegar for sjømatnæringa frå Statens vegvesen.

Les også: Vestland søkjer om tilskot til sjømatvegar

Fylkeskommunen søkte om 69 millionar kroner til sju prosjekt. Samla tildeling vart 54 millionar kroner under føresetnad av Stortinget sin godkjenning og at fylkeskommunen stiller med eigendel på 60 prosent av prosjektkostnaden.

– Saman med fylkeskommunalt bidrag vil dette til saman gje 135 millionar kroner til å fjerne flaskehalsar og betre tryggleik og framkome for sjømatnæringa og anna tungbiltransport. Dette er viktig for sjømatnæringa i fylket, seier Kathrine Løno Lahlum, som har leia arbeidet i Vestland fylkeskommune.

Eigendelen er innarbeida i fylkesrådmannen sitt budsjettframlegg som skal vedtakast av fylkestinget 15.-16. desember 2020.

Her er lista over kven som har fått tilskot (i millionar kroner):

 

Statleg tilskot

Fylkeskommunal eigendel

Totalt

Fv. 549 Flatråker-Våge

8,0

12

20

Fv. 546 Rådal x 580 Krokeide-Hufthamar-Bekkjarvik x fv. 150

10,0

15

25

Fv. 576 Tørrvikbygd-Mundheim

0

0

0

Fv. 560 Beinastaden-Skogsvåg

10

15

25

Fv. 570 Andås x E39 Masfjordnes

8

12

20

Fv. 5582 Sløvåg-Byrknes

10

15

25

Fv. 616 Kalvåg-Oldeide

8

12

20