Desse fylkesvegane får nytt dekke i 2021

Løyvingane til nytt dekke på fylkesveg er auka, og Vestland fylkeskommune har som mål å legge dobbelt så mykje asfalt som i fjor.

I alt skal det rullast ut 205 000 meter – 20,5 mil – ny asfalt, noko som tilsvarar godt og vel 116 000 tonn.

Dekkekontraktar ute på anbod

Fylket er delt inn i tre dekkeleggingskontrakter, og dei vert lyst ut i desse dagar. Så snart anbodsprosessen er gjennomført og kontraktane er tildelt eit entreprenørfirma, så kan arbeidet ute på vegane starte opp.

– Dekkeleggingssesongen er intensiv, og går frå mai til utpå hausten, alt etter når det kjem frost og snø. Med det nivået vi legg opp til i år så vil det vere aktivitet langs mange fylkesvegstrekningar denne sommaren, seier Åsmund Andersen Sekse, leiar for vedlikehald sør i Vestland fylkeskommune.

Strekningane som skal få nytt dekke er først og fremst prioritert ut i frå spordjupne og kor ujamn vegen er.

– Samstundes som løyvingane har auka betydeleg frå i fjor, så er behovet for nytt dekke stort i heile Vestland. Vi må halde dette nivået i mange år skal vi seie oss nøgde med tilstanden på vegdekket. Realiteten er faktisk at vi må auke tildelingane noko meir skal vi komme rundt, og vi må sjå det i samanheng med generelt vedlikehald av vegane våre, seier Sekse.

Publisert 24. mars 2021 - oppdatert 9. juni 2021