Desse fylkesvegane får ny asfalt i 2022

I løpet av den komande dekkesesongen skal det rullast ut 139 000 tonn asfalt på fylkesvegar over heile Vestland.

Det tilsvarar om lag 217 667 meter, vel 217 kilometer, ny asfalt. Dette er noko mindre enn i fjor, men om lag på høgde med tidlegare år. Råvareprisane har auka og løyvingane er nede på normalnivå.

Sjå kart i fullversjon.

Dekkekontraktar ute på anbod

Fylket er delt inn i fire dekkeleggingskontraktar som nyleg er lyst ut. Så snart anbodsprosessen er gjennomført og kontraktane er tildelt eit entreprenørfirma, så kan arbeidet ute på vegane starte opp.

– Dekkeleggingssesongen er intensiv, og går frå mai til utpå hausten, alt etter når det kjem frost og snø, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar for vedlikehald og drift i Vestland fylkeskommune.

Strekningane som skal få nytt dekke er først og fremst prioritert ut i frå spordjupne og kor ujamn vegen er.

– Som åra før er behovet for nytt dekke stort i heile Vestland, og tildelingane må aukast skal vi komme rundt. Vi må også sjå dekkelegging i samanheng med generelt vedlikehald av vegane våre, det er ikkje poeng i å asfaltere ein dårleg veg, då må ein berre gjere det på nytt om få år, seier Yttri.

Gjenbruk av bindemiddel

Entreprenørane må levere ein EPD(Environmental product declaration), ein slags miljødeklarasjon som viser CO2-utslepp gjennom heile livsløpet til asfalten. Det vil ikkje bli noko vekting av resultata, men entreprenøren får bonus for gjenbruk av bindemiddel, noko som har ein positiv konsekvens for miljøet.

Fire dekkekontraktar:

Sunnfjord sør og Hafs

Lengde i meter: 29 165
Tonn: 16 315

Ytre Sunnfjord, Sunnfjord og Sogn

Lengde i meter: 55 541
Tonn: 37 153

Voss, Hardanger og Sunnhordland

Lengde i meter: 67 593
Tonn: 44 889

Asola*, BOA** og Nordhordland

Lengde i meter: 65 368
Tonn: 41 100

*ASOLA: Askøy-Sotra-Loddefjord-Laksevåg-Fyllingsdalen
** BOA: Bergen-Os-Austevoll