Brannøving i Knappetunnelen
Søndag 4. oktober frå kl. 08:00-12:00 skal Bergen brannvesen gjennomføre ei brannøving i Knappetunnelen i Bergen.
Tunnelen blir stengd under øvinga, og det vil bli skilta omkøyring.
Fire brannøvingar på fire søndagar
Alle vaktlaga i Bergen brannvesen skal øve på tunnelbrann, og det blir difor gjennomført brannøving i Knappetunnelen på fv. 557 kvar søndag i oktober: 4., 11.,18. og 25. oktober til same tidspunkt, kl. 0800-1200.
For å gjere øvingane så realistiske som mogleg vil det bli brukt røykmaskin.
– Det vil kome ein del røyk ut frå tunnelen sitt utløp på Dolvik. Dette er såkalla teaterrøyk, og er heilt ufarleg, seier Svein Rune Vie, brannvernleiar i Vestland fylkeskommune.
Fylkeskommunen er vegeigar, og skal bistå brannvesenet under øvinga. Vegtrafikksentralen(VTS) skal også delta.
– Knappetunnelen er ein 6,4 km lang to-løps høgtrafikkert tunnel med mange av- og påkøyringsramper og avansert sikkerheitsutrustning. Gjennom slike brannøvingar blir alle aktørar betre rusta om det ein dag skulle skje ei verkeleg ulukke, seier Vie.
Kontaktperson i Vestland fylkeskommune:
Svein Rune Vie
Brannvernleiar
E-post: svein.rune.vie@vlfk.no
Mob: 971 61 150