Brannøving i Halsnøytunnelen

Onsdag 3. juni vil Vestland fylkeskommune gjennomføre brannøving i Halsnøytunnelen. Tunnelen blir stengt i to timar.

Det er viktig at vi trener regelmessig saman med redningsetatane. Skulle det skje ein tunnelbrann skal vi saman med naudetatane handle raskt i ein redningsaksjon.

Det er viktig at trafikantane følar seg trygge når dei køyrer gjennom våre tunnelar,  seier brannvernleiar Helge Gilberg i Vestland fylkeskommune.

Under øvinga blir trafikken styrt i tidsrommet frå kl. 19.00-22.00. Det betyr at trafikken blir dirigert med ledebil frå kl. 19.00-19.35 og frå kl. 21.30-22.00. 
Tunnelen vil bli heilt stengt frå kl. 19.35-21.30.

Alternativ omkøyring frå nord:
Frå Sunde fv. 48 til ferjesambandet Årsnes-Gjermundhamn. Fv. 49 sørover til ferjesambanet Skjærsholmane – Ranavik til Halsnøy.

Alternativ omkøyring frå sør:
Frå Sunde fv. 500 og fv. 548 til ferjesambandet Utåker-Skånevik. Fv. 48 til E134 i Stordalen og fv. 543 til Ølensvåg. Fv.543 til ferjesambanet Utbjoa -Sydnes og til Halsnøy.

Det kjem opplysningsskilt i Austrepollen, før Halsnøytunnelen og på Skjærsholmane ferjekai.

I samband med øvinga vil det bli synleg teaterrøyk på utsida av tunnelen.