No er bompengesøknaden for Kvinnheradpakken sendt

No har Vestland fylkeskommune sendt bompengesøknaden for heile Kvinnheradpakken til kvalitetssikring til Vegdirektoratet.

Prosjektleiar for Kvinnheradpakken Kathrine Løno Lahlum seier at prosessen vidare er at Vegdirektoratet vil sakshandsame søknaden.

-Vi legg til grunn at sakshandsaminga vil ta om lag ein månad. Etter dette vert saka sendt til Samferdselsdepartementet som har ansvar for å fremje ein proposisjon til Stortinget. Det er Stortinget som skal gjere endeleg vedtak om bompengeprosjekt, seier Lahlum.

Ho håpar på at det vil skje før jul , men er innstilt på at det først kan bli fram mot våren.

Treng eit vedtak i Stortinget
Prosjektleiaren seier at dei  til sommaren er ferdig med ny bru forbi Furebergfossen.

-I tillegg er vi godt i gang med det største prosjektet i pakken som er tunnel forbi Krokalandet og vegutbetring på deler av  strekninga
mellom Folgefonntunnelen og Årsnes ferjekai. Begge desse prosjekta er i stor grad finansiert av rassikringsmidlar, men vi treng vedtak i Stortinget for å få realisert dei andre gode prosjekta i Kvinnheradpakken.  

-For gang- og sykkelvegen i Herøysundet er vi godt i gang med planlegging. Så snart reguleringsplanen blir vedtatt etter sommaren i
Kvinnherad kommunestyre, skal det ikkje gå så lang tid før vi er i gang på dette prosjektet.  Vi har litt planleggingsaktivitet på dei andre prosjekta i pakken, men vi treng stortingsvedtaket for å setta i gang for fullt.  

Her kan du lese meir om prosjekta i Kvinnheradpakken.