Bakkavegen skal bli tryggare

Måndag startar arbeidet med å bygge 150 meter skredfanggjerde ved Vetlaskreda, på vegen inn til bygda Bakka i Nærøydalen.

Bakka2_web.jpg
LØSNEOMRÅDE: Steinane har losna høgt oppe i fjellsida. Geologar i Vestland fylkeskommune har nytta helikopter og drone for å få oversikt over skredløpet.

Fristen for ferdigstilling er 1. juni neste år, men byggjeleiaren håpar at skredfanggjerda skal stå ferdig før.

– Er vi heldige så kan dei vere montert i løpet av tre veker, men det er veldig vêravhengig. Vi kan ikkje jobbe i området når det er nedbør, til det er skredfaren for stor, seier byggjeleiar Even Kvam i Vestland fylkeskommune.

Hagla stein over turistar

Fylkesveg 5623 mellom Gudvangen og Bakka er svært utsett for skred. I sommar vart ein campingbil som stod parkert treft av fleire steinar. Heldigvis gjekk det bra med dei to turistane frå Sveits som låg og sov i bilen.

Bakka1_web.jpg
BAKKATUNNELEN: Steinskredet i august kom rett ved Bakkatunnelen.

Geologar vurderte området, og såg at mykje lausmasse låg igjen i skredløpet. Denne vil komme ned ein gong, mest sannsynleg utløyst av nedbør. Fylkesvegen har difor vore stengd førebyggande fleire gonger denne hausten når det har vore meldt om nedbør.

Lyttepost

Skoginga i området var ferdig i løpet av oktober, og måndag startar monteringa av rasfanggjerda, som skal vere mellom seks og sju meter høge.

Som eit ekstra tryggleikstiltak skal det alltid vere ein lyttepost på vakt oppe i fjellsida under arbeid med fanggjerda, denne skal varsle om det blir bevegelse i lausmassane.

Arbeidet vert utført av Presis vegdrift. Vegen vert stengd i periodar i samband med sikringsarbeidet, for ei oversikt sjå trafikkmeldingar på www.175.no.