Avsluttar bompengeinnkrevjinga i Jondalstunnelen
Onsdag 8. juli er siste dag for bompengebetaling i Jondalstunnelen.
Jondalstunnelen vart opna 8. september 2012. Tunnelen knyt i hop Nordrepollen i Kvinnherad kommune, med Skiparvik/Torsnes i Jondal kommune.
I forhandlingane på Stortinget om endringar i statsbudsjettet for 2020 vart regjeringspartia einige med FrP om å innfri gjeld, og fjerne bompengeinnkrevjing på fem vegstrekningar. I Vestland gjaldt dette Årsnes ferjekai og Jondalstunnelen. På Årsnes ferjekai vart bompengeinnkrevjinga avslutta 1. juli.