Norselva bru vert stengd to dagar i neste veke

I samband med avslutningsarbeid på brua, vert fv. 5745 på Nordfjordeid stengd ved Norselva bru frå måndag til onsdag.

Norselva bru har denne hausten blitt forsterka, og fått ny isolasjon og nytt rekkverk. Brua var stengd i fire veker for å gjennomføre dette arbeidet, og no trengst det to nye dagar med stenging for å legge asfalt.

Brua vert stengd frå måndag 13. desember kl 09.00, og opnar onsdag 15. desember kl. 16.00.

NORSELVA BRU: Bru over fv. 5745 på Nordfjordeid.
NORSELVA BRU: Bru over fv. 5745 på Nordfjordeid.