Avlyser konkurransen om tunneloppgradering i Årdal

Uklårt konkurransegrunnlag, utfordringar knytt til tilstrekkeleg deponikapasitet og nye opplysningar om skredfare, er blant momenta som gjer at Vestland fylkeskommune må lyse ut oppgraderinga av dei tre tunnelane på fv. 53 på nytt.

Oppgraderinga av Steiggje-, Finnsås- og Kolnostunnelen vart planlagt, prosjektert og lyst ut i regi av Statens vegvesen, med anbodsfrist i desember 2019. I samband med overføringa av administrasjonen av fylkesvegar overtok Vestland fylkeskommune prosjektet ved nyttår.

Uklåre kvalifikasjonskrav

Entreprenørfirmaet Bertelsen og Garpestad hadde det lågaste tilbodet, men vart forkasta på grunn av manglande kvalifisering, og tilbydar nummer to, Flage Maskin AS, vart innstilt.

Dette vedtaket vart klaga inn til retten, og retten kravde at fylkeskommunen gjorde ei ny kvalifiseringsvurdering. Resultatet var at Bertelsen og Garpestad vart sett på som kvalifisert, og for å ha tilstrekkeleg erfaring med rehabilitering av tunnelar opne for trafikk.
Flage Maskin AS klaga på dette vedtaket, og ut ifrå denne klagen har fylkeskommunen gått igjennom kvalifikasjonskravet på nytt.

Konklusjonen er at det er bort imot umogeleg å ta stilling til kva som eventuelt skal tolkast inn i retten si formulering av kvalifikasjonskrav dersom "rehabilitering av tunnelar som er opne for trafikk", ikkje kan sjåast som overordna dei andre aktivitetane som er lista opp; sprenging/strossing, grøftearbeid og vass-/frostsikring.

– På bakgrunn av dette meiner vi at vi reelt sett ikkje har grunnlag til å vurdere om ein leverandør har tilstrekkeleg erfaring, dersom ein legg retten si tolking til grunn, og vi ser at konkurransegrunnlaget må vere uklårt. Kvalifikasjonskrav er ein heilt sentral del av ein konkurranse, og usikkerheit rundt tolking og lovlegheita av kravet, gir Vestland fylkeskommune ein sakleg grunn til å avlyse konkurransen, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Vestland fylkeskommune. Det er denne seksjonen som har ansvar for tunneloppgradering i heile Vestland.

Manglar areal til deponi

Det har i tillegg til uklarheit knytt til kvalifikasjonskrav, dukka opp nye utfordringar knytt til deponi, og rasfare i det planlagde deponi- og riggområdet. Desse utfordringane vil medføre ein stor risiko for oppdragsgjevar i gjennomføringa av kontrakten.

Masseberekningar utført av Vestland fylkeskommune viser at det vil vere behov for å deponere 35.000 kubikkmeter tunnelstein, men at vi per i dag kun har tilgang til deponi som rommar 5000 kubikkmeter.

Det eine deponiområdet ved Finnsåstunnelen krev dispensasjon frå reguleringsplanen.

­– Om vi skulle få dispensasjon frå reguleringsplanen til å ta i bruk dette deponiet, vil vi framleis mangle betydelege areal til massedeponering, seier Yttri, og legg til at ein eventuell auke i deponigrad vil føre til ei heilt anna grad av utnytting enn det som er skildra i reguleringsplanen.

–  Det vil krevje reguleringsendring, og ny avtale med grunneigar. Tidshorisonten på eit slikt arbeid vil vera åtte månader eller meir. Det blir vanskeleg å legge ei slik utsetjing på entreprenør.

Skredfare krev tiltak

På vårparten i år varsla Årdal kommune om at området som er aktuelt for deponi ligg i aktsomhetsområde for stein-, snø-, jord- og flaumskred, og difor vart det bestilt ei skredfarevurdering av massedeponi med Finnsåstunnelen.

Det viste seg at slike undersøkingar allereie var utført i planfasen, to rapportar var utarbeidde, ein for deponi og ein annan for riggområde. Opplysingane i desse rapportane har ikkje vore gjort tilgjengelege for Vestland fylkeskommune.

Risikovurderinga og tryggleiksanalysen i reguleringsplanen seier heller ikkje noko om fare for ferdsel i deponiområdet, trass i at vurderingane i skredfareplanen er at det ikkje kan vere arbeid i området utan at det vert iverksett tiltak. Sidan denne problematikken ikkje er nemnt i konkurransegrunnlaget, har tilbydarane heller ikkje hatt mogelegheit til å ta omsyn til dette når dei har prisa tilboda sine.

– Tilrådingane i rapporten betyr at prosjektet kan bli nøydde til å legge føringar for bruken av størstedelen av massedeponiet, seier Yttri.

For å kunne ta i bruk deponiområdet må det gjennomførast ytterlegare vurderingar av permanente tiltak som gjer at entreprenøren kan arbeide uforstyrra og trygt, uavhengig av vêr og vind.

– Desse vurderingane er så omfattande at dei krev ekstra tid, kanskje opp mot eitt år. Vi må følgje lover og reglar, og tryggleiken til dei som arbeider på anlegget vil til ei kvar tid vere viktigast for oss, seier Yttri.

Månadane som har gått med til klage og rettsprosess, og dei nye risikomomenta og reguleringsendringane som no har kome på toppen av dette, betyr at forseinkingane utgjer ei vesentleg endring av konkurransen, og kan påverke konkurransedeltakinga.

Konklusjonen er at konkurransen må avlysast, og prosjektet lysast ut på nytt når problematikken med deponi og rasfare er avklart.

Publisert 15. september 2020