Ferjekaia på Krakhella skal få ny asfalt

Krakhella ferjekai i Solund er utvida, og i neste veke skal det rullast ut ny asfalt. I samband med dette arbeidet vert det ikkje høve til å parkere på kaiområdet.

– Entreprenør Magne Hafstad går i gang med asfaltarbeidet på måndag, og då kan det ikkje vere bilar parkert på kaia. Ferjene skal gå etter oppsett rute, og arbeidet er venta å ta omlag ei veke, seier Heidi Strandos i Vestland fylkeskommune.

Det er spengt ut ei fjellskjering, og laga til ei utviding og rasteplass ned mot sjøen. Utvidinga skal gjere det lettare både for dei som skal av og på ferja.

NY KAI: Krakhella ferjekai er ein del av ferjesambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella.
NY KAI: Krakhella ferjekai er ein del av ferjesambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella.