Nettmøte om innspel til Nasjonal transportplan

Innspel til Nasjonal transportplan 2022-2033 fredag 27. mars kl. 10.00-13.00

Eg viser til tidlegare utsendte invitasjon datert 6. mars om innspelsmøte til Nasjonal transportplan 2022-2033 fredag 27. mars kl. 10.00-13.00. Grunna korona-situasjonen vert møtet halde som eit nettmøte på same tidspunkt. Møtet vert streama på www.vlfk.no.

Nytt no er at samferdselsverksemdene la fram sine framlegg til prioriteringar 18. mars, og Samferdselsdepartementet har sendt desse på høyring til 1. juli. Fylkeskommunane si frist for å gje uttale er framleis sett til 14. mai. Her finn du høyringsnotatet.

Eg ser eit stort behov for å drøfte høyringsutkastet med våre samarbeidspartnarar før fylkestinget handsamar saka.

På møtet vil etatane informere om sine prioriteringar, og om konsekvensar for Vestland. Det blir høve for dei som ønskjer det å helde eit innlegg på inntil 3 minuttar. Vi ber om at dei som ønskjer det, melder i frå om dette og sender eventuelle presentasjonar til matti.torgersen@vlfk.no og Silje.Christine.Alvsaker@vlfk.no seinast kl. 13.00 torsdag 26. mars. Presentasjonar kan vere på maksimalt 2 ark. Vi vil gje nærare informasjon om oppkopling til dei som vil halde innlegg, men det vil vere eit krav om tilstrekkeleg med bandbredde og eit godt headset med mikrofon.

Vi vil fortsett oppretthalde den tidlegare meldte fristen om å sende innspel til fylkeskommunen si høyringsuttale med frist 3. april.

Program

Kl. 10.00 Velkomen Jon Askeland, fylkesordførar
kl. 10.15 NTP-prosessen og vidare framdrift Jan Fredrik Lund, Samferdselsdepartementet
Kl. 10.25 Etatane sine framlegg til prioriteringar og konsekvensar for Vestland

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen
Trond Høyde, Jernbanedirektoratet
Anne Britt Otterøy, Kystverket
Helge Eidsnes, Avinor

kl. 11.10 Fylkeskommunen sine prioriteringar Dina Lefdal/Håkon Rasmussen
Kl. 11.25  Pause  
Kl. 11.30 Innspel frå samarbeidspartar  
Kl. 12.30 Oppsummering Jon Askeland

 

Ytterlegare informasjon og program for møtet finn de på www.vlfk.no/ntp.

 

Med helsing 

Jon Askeland
fylkesordførar