Ny dialog med utelivsbransjen

I god tid før våren kjem og uteserveringa startar i Bergen sentrum, er dialogmøte med utelivsbransjen på nytt gjennomført.

Møtet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og bymiljøetaten i Bergen kommune. På møtet den 29. november stilte omlag 30 aktørar frå utelivsbransjen.

-Føremålet med møtet er at vi kan møtast for å høyre kva arealbehov dei einskilde aktørane har for å drive uteservering på fortausareal, seier John Martin Jacobsen som er seksjonsleiar for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Skape liv i sentrum
Christoffer Eriksen frå NHO Reiseliv starta møtet med å seie at vi er glade for å ha ein god dialog med fylkeskommunen. Han tok vidare opp verdien reiselivsnæringa har for sysselsetting, særleg for unge og innvandrarar.

-Utestadar med uteservering er viktige for å skape liv i Bergen sentrum, også utanom butikkane sine opningstider. Samstundes har koronatiltaka vore tøffe for bransjen, og det er låge driftsmarginar som gjer at sesongen med uteservering er svært viktig for at årsrekneskapen skal gå med overskot. Dette gjeld også i normalår, sa Eriksen.

Langsiktige kontraktar
Jan Petter Eilertsen frå Bergen Harbour group og Erkan Mutlu frå Engengruppen som også er styremedlem i NHO Reiseliv Vest Norge, sa at areal for uteservering var blitt redusert fleire gonger dei siste åra.

-Vi ønskjer oss meir langsiktige leigekontraktar for at vi kan investere i møblering og innretningar i samband med arealet vi driv uteservering på. Då kan vi og planlegge mot noko som kan gi eit samanhengande godt uttrykk. No har alle aktørane ulike løysingar for dette, noko som gir ein uryddig situasjon i bybiletet, seier dei.

Universell utforming
Kari Tungesvik frå Bergen kommune sitt råd for personar med funksjonsnedsettingar fekk fram behov og viktige innspel på universell utforming.

-Framkomst på fortau er svært viktig, og at areal for uteservering er godt synlege særleg for personar med synshemming. Dei som sit i rullestol får eit problem når utestadane ikkje er universelt utforma verken for tilkomst eller toalett. Eg ønsker at rådet vert tatt med i diskusjonar om dagens tema også framover, seier Tungesvik.

Redusert areal
Arvid Heggestad frå bymiljøetaten i kommunen og John Martin Jacobsen frå infrastruktur og veg i fylkeskommune seier at det har vore unntak frå reglane dei to siste åra grunna pandemien.

 -Signala frå politisk hald i Bergen kommune er at ein for komande sesong skal legge til grunn den praksisen som var i 2019. Det vil seie at nokre som fekk meir areal 2021-sesongen, og som gjekk ut over tre meter fri fortausbreidde, må rekne med å få redusert sitt areal for 2022-sesongen, seier Heggestad.

På spørsmål om tre-metersregelen i kommunedelplan sentrum kunne lempast på, er svaret at dei som leiger fortausareal for å ha uteservering sjølv må sørge for at dei har nødvendige løyve på plass.

-Når det gjeld dispensasjon frå kravet om tre meter fri fortausbreidde i Bergen sentrum, så er det eit spørsmål ein må ta opp med plan- og bygningsetaten i Bergen kommune, seier Heggstad.

Tel fotgjengarar
Til slutt blei det orientering om fylkeskommunen sitt teljeprosjekt.

-Her skal vi få ei oversikt på over kor mange fotgjengarar som brukar utvalde fortau i sentrum. Observasjonane som fylkeskommunen har gjort gir eit utfyllande bildet på situasjonen. Når fotgjengarar brukar bilvegen når dei skal forbi, er det eit signal på at det er for lite plass på fortauet. Teljingane vil halde fram også neste år og vil bli eit tiltak innanfor Miljøløftet, seier Jacobsen.

Han oppfordrar alle som vil starte uteservering frå 1. april for 2022-sesongen, om å sende søknad allereie i februar.
Her søker du

Christoffer Eriksen i NHO Reiseliv og Erkan Mutlu frå Engengruppen som også er styremedlem i NHO Reiseliv Vest Norge, sa at areal for uteservering var blitt redusert fleire gonger dei siste åra.
Christoffer Eriksen i NHO Reiseliv og Erkan Mutlu frå Engengruppen som også er styremedlem i NHO Reiseliv Vest Norge, sa at areal for uteservering var blitt redusert fleire gonger dei siste åra.