Stort oppmøte på dialogmøte om uteservering på fortau i Bergen sentrum

Den 24. januar inviterte Bergen kommune og Vestland fylkeskommune til informasjons- og dialogmøte om uteservering på offentlege fortau i Bergen sentrum.

Som på dialogmøte i november 2021 var det også denne gongen stor interesse og godt oppmøte med til saman 30 personar.

Dei som deltok var frå bransjen, kommunen og fylkeskommunen deltok, inkludert NHO Vestland og reiselivsdirektøren. Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne kunne ikkje stille på møte.  

Arvid Heggestad og Sigmund Ditmansen ved Bymiljøetaten i Bergen kommune orienterte om det kommunale regelverket og søknadssystemet.  Det vart også informert om at leigeprisen for 2023 aukar i år, etter at den har stått på same nivå i to sesongar. 

Ole Bjørgen frå byvektertenesta i Bymiljøetaten fortalde om deira rolle og erfaringar frå fjorårets sesong.

-Kontrollane visar at aktørane i hovudsak har sine ting i orden. Men det er nokre avvik der innretningar er plassert utanfor leigd areal. Dette gjeld både blomekassar, lausfotreklame, stolar og bord, seier han, og legg til at lausfotreklame fort kan stå i vegen for svaksynte. 

Gir prikkar

Even Hasdahl Olsen frå Bergen kommune sitt kontor for skjenkesaker orienterte om regelverket knytt til serverings- og skjenkeløyve.

-Arealet dei søker om serverings- og skjenkeløyve for må stemme med arealet som er leigd av kommunen, fylkeskommunen eller Vegvesenet. Kontoret for skjenkesaker samarbeider med Bymiljøetaten, brannvesenet og politi om kontrollar. Dersom dei finn at noko ikkje er som det skal, så kan dei gje prikkar etter eit prikksystem med ulikt tal prikkar for dei ulike fråvika. Dersom det vert skjenka alkohol på areal utan leigekontrakt, så vert det gitt prikkar, seier Olsen.

Vestland fylkeskommune ved avdeling for infrastruktur og veg deltok med leiar for forvaltning Bergensområdet, Mats Korneliussen og Kari Elster Moen.

Tilgjengelege fortau

-Fylkeskommunen sitt ansvar etter veglova er mellom anna å sikre at fortaua langs fylkesvegane primært skal brukast og vere tilgjengelege for alle mjuke trafikantar. For dei som brukar rullestol, rullator, barnevogn eller er svaksynt. Det same gjeld om det blir brukt av både syklar og sparkesyklar. Fortaua langs fylkesvegane er jamt over meir trafikkerte enn dei kommunale fortaua i sentrum, noko som gjer at kravet om 3 meter fri fortausbreidde er viktig å oppretthalde, seier Moen.

Dispensasjonen gjeld ikkje 

I spørsmålsrunden var dei frammøtte opptekne av at dispensasjonen som vart gitt for åra som var prega av koronapandemien ikkje lenger skulle gjelde. Dei oppmoda om at kommunen og fylkeskommunen ikkje burde gå tilbake på opprinneleg areal. Dette har vore tydeleg kommunisert frå kommunen og fylkeskommunen i alle vedtaka som vart sendt ut dei sesongane. Det kom og fram ønske om fleirårige avtalar. Dette sa kommunen og fylkeskommunen at dei jobba med. Mellom anna har dei vore på møte og synfaring med Bymiljøetaten i Oslo. 

Wenche Salthella frå NHO Vestland viste til at dei har hatt ei brukarundersøking hos sine medlemmer som viste at mange er bekymra over den økonomiske stoda i bransjen no. Reiselivsdirektør Anders Liland ønska eit møte med Bergen kommune om korleis ein eventuelt kan jobbe for å mjuke opp regelverket. 

Når det gjeld søknadar for 2023-sesongen er søknadsfristen 15. februar for oppstart 1. april. Søknadar som kjem inn etter 1. april, kan det ikkje garanterast at blir ferdigbehandla i tide. Dei vil bli behandla fortløpande, med minimum 4 vekers saksbehandlingstid.

For at ein skulle få til ein god oppstart 1. april, vart det oppmoda om at saksbehandlinga var klar 1-2 veker før 1. april, slik at ein skulle rekke å sette opp bemanning og anna i tide.