Søk om fråvik frå vegnormalane

Ved planlegging og bygging av veg kan det vere aktuelt å søkje om fråvik frå vegnormalane.

Det er veglova som regulerer bygging, samt drift og vedlikehald av offentlege og private vegar i Noreg. Planlegging av vegane skal skje etter reglane om planlegging i plan- og bygningslova . Det er ei overordna målsetting for vegmyndigheitene å skape størst mogleg trygg og god avvikling av trafikken, og ta omsyn til grannar, miljø og samfunnsinteresser elles.

Om vegnormalane

Vegdirektoratet har utarbeidd vegnormalar med heimel i forskrift til veglova § 13 om anlegg av offentleg veg. Forskrifta gjeld utforming og standard ved planlegging og bygging av offentleg vegar og gater, jfr veglova § 1. Det er og utarbeidd rettleiarar for fråvik etter forskrifta.

Statens vegvesen har mynde til å fråvike vegnormalane for riksveg, fylkeskommunen for fylkesvegar og kommunane for kommunale vegar.

Vegnormalane er bygde opp med såkalla skal-, bør- og kan-krav.

Det er utarbeidd eit eige system av vegnormalar, retningsliner og rettleiarar som skildrar korleis veglova skal handsamast i praksis . Vegnormalane kallast og handbøker. Vert det naudsynt å fråvike normalane sine krav skal dette handsamast i eigen søknad.

Om fråvik og mynde

For handbøkene N100, N101, N200, N400, N401, N500 og N601 har Vestland fylkeskommune sjølvstendig mynde til å fråvike normalane sine krav. For krav til bru, ferjekai og andre bærande konstruksjonar i normalane, som er heimla i bruforskrift for fylkesveg , er det Vegdirektoratet har mynde til å fråvike normalane for riks- og fylkesvegane.

For handbøkene N300, N301, N302 og N303 som er heimla i skiltforskrifta, har statens vegvesen fråviksmynde for heile det offentlege vegnettet. Det er utarbeida ein eigen instruks og søknadsskjema for kommunale veger.

Søknadsskjema

Vestland fylkeskommune arbeidar med å opprette eige søknadsskjema og rettleiingar. Løysinga er venteleg på plass i løpet av første halvår 2020. Førebels skal Statens vegvesen sitt søknadsskjema og deira rettleiingar nyttast. Desse finn du på følgjande på denne sida.

Send søknaden til post@vlfk.no eller per postgang til: Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen.

Vegkart