Leveringsproblem utsett opninga av Statsminister Michelsens veg
Vegen blir stengt i to veker til.
- Diverre er det leveringsproblem på varer frå utlandet, som ein del andre bedrifter opplever også. Vi beklagar at vi ikkje får opna vegen når vi skulle, seier byggeleiar Ronny Bertelsen i Vestland fylkeskommune.
Ny opningsdato for Statsminister Michelsens veg er tysdag 1. november kl. 09.00.
Etter 1. november blir det periodar med manuell dirigering.