Folkemøte på Paradis mars 2022

Her er ein status på det som er blitt gjort på fylkeskommunen sitt vegprosjekt på Paradis.

Statsminister Michelsen vei: Mykje er komme ned i bakken. I bakken er det betongstøypte kanalar og trekkerøyr, i tillegg til vann og avløpsrøyr. Kanalane gjer at ein seinare ikkje treng å grave opp at vegen når noko skal ned i bakken. Vegen opnar igjen i løpet av våren 2022.

Vi kan ikkje love asfalt på heile strekket og ferdig veg med kantstein, trær og planter, men i løpet av  mai skal vegen opnast igjen, seier anleggsleiar hos Fyllingen maskin AS, Stig-Arne Hauge.

— Mykje skal skje på kort tid her, og vi begynner å nærme oss ein slutt.

Tunveien: Her kjem det ettfeltsveg og fortau, litt breiare veg enn det er i dag. I bakken blir all infrastruktur byta ut. BKK skal ha høyspentkabel ned i bakken. Arbeidet startar over påska.

– BKK treng ei vekes tid for å legge om kabelen, så er vi klare til begynne, seier Hauge.

Jakob Kjødes vei:  Noko av det siste som blir gjort på prosjektet skjer i Jakob Kjødes vei, når alt under bakken skal knytast saman. Her fann entreprenøren ein vassleidning frå 1955 som var i dårleg forfatning, men no kjem det nytt. Den ny vassleidninga er berekna til å ligge i 100 år.

Paradis bru: Ein ambisiøs plan er at brua kjem til jul allereie i år, men mest sannsynleg i løpet av vinteren 22/23. Brua blir delt opp i sykkelveg og gangveg. Belysninga blir på brua, og ikkje utanfor brua.

Spørsmål frå salen (denne blir oppdatert etter kvart):  

Kva skjer med vegen forbi Paradis skole? Mykje arbeid er allereie gjort her, men no er det stoppa.
Planen var å bygge gang-, sykkel-, og bilveg forbi skulen. Etter ein klage beslutta Bergen kommune at prosjektet skal stoppe ved skulestien.

Kvifor er det ikkje ein heilheitleg plan for heile Statsminister Michelsens vei?
Vi sit diverre ikkje med ein oversikt over alt som skal byggast på Paradis.

Det er skilnad mellom det som byggast for det offentlege, det vil seie Bergen kommune og Vestland fylkeskommune, og utbyggar som er privat, og gjerne byggar leilegheiter. Det offentlege byggar veg, vann og avløp og legg til rette for at straum og anna som kan leggast ned i bakken utan å måtte grave opp igjen vegen.

Vegprosjektet på Paradis er ein del av ein kommunal fortettingsplan, og ein del av Miljøløftet. Det vil seie at det som byggast skal gjere det enklare å gå, sykle og reise kollektivt sånn at bilen kan stå.

På bergenskart.no finn du kart og visjonar.

Kva med å gjere Statsminister Michelsens vei einvegskøyrd?  

Er det tatt omsyn til hjertesone rundt Paradis skole?  
Hjertesone er ikkje ein del av vegprosjektet. Det er noko skulen må søke om å få.  Ei hjertesone rundt skulen gjer det tryggare for skuleborn å gå og sykle til skulen.  

Meir informasjon om Hjertesone finn du her.

Kva er estimert ÅDT når de er ferdige å bygge?
Det er gjort eit forsøk, men det er mye utbygging i området, og vi vet ikkje om folk kjem til å ta bybanen eller køyre bil, sykle eller gå.

Er det vurdert rundkøyring i paradiskrysset?
Ikkje i dette prosjektet. Blir eit x-kryss der anleggsriggen ligg i dag.

Går det an å få lenger grøn mann på lysa, sånn at borna blir prioritert i skuletida?

Blir det nye støymålingar når vegen blir opna?
Støytiltak skal i gang til hausten.