Dette skjer i Tunvegen

No går arbeidet i gang med omlegging av høgspentkabel.

BKK skal legge om ein høgspentkabel i Tunvegen, i tillegg til at dei jobbar med å få på plass ein jordkabel, og med å fjerne den midlertidige stolpa som er plassert på tomta til Tunvegen 3.

«Fiberetatane» skal også fjerne sine leidningar før denne masta fjernast.

Entreprenøren vil innan kort tid starte med reinsk av vegetasjon i Tunvegen. Dette gjer at vegen opp til Sandbrekkevegen blir stengt i kortare perioder når arbeider pågår.

Det kjem ny informasjon i forkant av stengiga av Tunvegen opp til Sandbrekkevegen.

Parkering

Nedre del av Tunvegen blir stengt frå 26. april. Naboar som bur her får ny parkeringsplass. Ladestasjonar er tilgjengeleg.

Bosspann

Når veien blir fysisk stengt også for gåande, så må bosspann plasserast som det visast på dronebildet under. Det er viktig at bosspannet blir fjerna etter tømming. Plasseringa er avtalt med BIR.

Postkassar

Entreprenør vil merke dei nye postkassene i innkjøring til Tunvegen med husnummer. Kvar og ein sørger for å merke postkassa med namn. Når ikkje postbilen kjem fram til dei noverandre postkassane, vil posten bli levert i den nye kassen. Entreprenør gir nøkkel til postkassa før de tek i bruk dei nye.