Arbeidet ved Paradis skule stoppa inntil vidare

Etter ein klage er arbeidet førebels stansa.

– Sjølvsagt forstår vi at skuleelevane ønskjer å behandla trea sine. Det blir ein periode utan tre medan prosjektet vert bygd, før dei skal få nye tre og ein tryggare skuleveg, seier prosjektleiar Kjell Hagesæter. 

Arbeidet med å klargjere for ny mur og felling av to tre på Paradis skulle vore i gang denne veka, men etter ei klage har arbeidet blitt stansa førebels.

Det skal byggast gang- og sykkelveg utanfor skulen og det er diverre ikkje mogeleg å la dei to trea stå medan arbeidet pågår. Når alt er ferdigbygd får skulen nye tre, i tillegg til gang- og sykkelfelt utanfor skulen. Sånn det er i dag er fortauet smalt og trafikken til tider høg.

– Etter å ha snakka med Bergen kommune venter vi til klagesaka er ferdig behandla, seier Hagesæter.

Arbeidet utanfor skulen var planlagt gjort i sommarferien for å skåne borna mest mogeleg mot støy, og av omsyn til tryggleiken deira. No når arbeidet er stoppa førebels, kan konsekvensen bli at arbeidet må gjerast til hausten når barna er tilbake på skulen. Det vil også seie at skuleplassen blir redusert.