Konkurransen om Paradis bru er ute

Over Nesttunvegen og bybanesporet på Paradis skal det byggast ei 42 meter lang gang- og sykkelbru.

NY BRU: Sånn kan den nye brua over Nesttunvegen og bybanesporet på Paradis bli sjåande ut.
NY BRU: Sånn kan den nye brua over Nesttunvegen og bybanesporet på Paradis bli sjåande ut.

Brua skal lagast i eit sammensatt kunststoff, kalla kompositt, og er ny i Noreg. Brua blir den lengste i verda i sitt slag.

No er konkurransen om å få bygge brua utlyst.

– Den nye brua gjer det trygt å krysse vegen og bybanesporet for gåande og syklande. Brua blir universelt utforma. Denne måten å bygge bru på er ny og spennande, og vi ser fram til å komme i gang med arbeidet, seier byggjeleiar Håkon Tryti Nilssen.

Den blir seks meter brei, der tre meter blir gangfelt og tre meter sykkelfelt.

Samarbeid

Kontrakten blir tildelt ein leverandør som i samarbeid med Vestland fylkeskommune skal detaljprosjektere, produsere, frakte og sette samen og montere brua.  Planlagt byggtid vil vere viktig, i tillegg til god visuell framtoning og rask montering.

Paradis bru er ein del av Infrastruktur Paradis-prosjektet som er ein del av Miljøløftet.