Feira med flagg då brua opna
Endeleg har elevane på Kaland skule i Austrheim fått ein trygg kryssing av vegen.

Bru nummer 16 i Austrheim kommune har fått si offisielle opning med flaggtog og snorklypp. 70 elevar frå Kaland skule, og barnehageborn frå Kaland barnehage vifta med flagga då brua vart opna.
Brua har lenge vore til godkjenning i Vegdirektoratet før Nordhordlandspakken fekk ja til å bygge den spesielle brua.
Koke suppe på ein spiker
Varaordførar Inger-Lise Brekke (H) hadde for anledninga fått låne Per Lerøy sitt ordførarkjede for dagen.
– Har de høyrd sofa om å koke suppe på ein spiker? spør Brekke.
– Endeleg er dagen komme. Vegen fram hit har vore lang, men no står brua her.
Brekke fortel historia om den lange vegen, synfaring med FAU på Kaland skule, om eigenkapitalen på ein halv million som Austrheim hadde.

– No har vi fått etablert Hjertesone rundt skulen, og trafikktryggingstiltak til 23 millionar kroner er komme på plass i område. Her har vi klart å koke suppe på ein spiker, seier varaordføraren.
Jubel
Brua er ein del av eit trafikksikringsprosjekt i Nordhordlandspakken.
Skule- og barnehageborna jubla då Jannicke Clarke, leiar av hovudutval for samferdsel og mobilitet, spurde om dei var glade for at brua endeleg var på plass.
– Det har tatt litt tid, men det er ein type bru som ingen andre har i Vestland. Vi er opptatte av trafikktrygging, og Austrheim er ein trafikksikker kommune. Her skal det vere trygt å gå til skule og barnehage. No kan de gå trygt til skulen, og det er eg glad for, seier Clarke.
