Stenger Hellelandsvegen ei natt
Bygging av den nye vegen mellom Marås og Soltveit er i gang og mykje skal på plass. Ved ungdomshuset på Skogen blir det sett opp anleggskontor til entreprenøren.
Hellelandsvegen på fylkesveg 5488 blir difor stengd frå klokka 21.00 tysdag 22. juni og opnar til 05.00 onsdag morgon. Grunnen til at det blir stengd er ei vassleidning som skal på plass.