Byggestart for Marås-Soltveit

I løpet av våren 2021 startar bygginga på det 7,5 kilometer lange strekket på Radøy.

Det største prosjektet i Nordhordlandspakken er snart klar for byggestart. Entreprenøren Vassbakk og Stol vann konkurransen og skal i gang med arbeidet på fylkesvegen i løpet av våren.

I alt vart det forhandla med tre tilbydarar i konkurransen:

  • FM-gruppen
  • Risa
  • Vassbakk og Stol

Sistnemnte vann konkurranse med ein tilbudssum på 263 954 282 kroner, som er det prosjektet vil koste å bygge.
– Vassbakk & Stol har etter vår evaluering gitt tilbodet med det beste forholdet mellom pris og kvalitet, og får tildelt kontrakten, seier prosjektleiar Andreas Knarvik Kolås i Vestland fylkeskommune.

Det skal byggjast to bruer og tre kulvertar (undergangar) og faunapassasjar på strekninga. Det er planlagt busslommer på Kjeset, Haukås og Soltveit. Vegtraseen er planlagt i eit område med skog, utmark og våtmarksområder, i tillegg til noko dyrka mark.

Våren 2024 skal den 7,5 kilometer lange strekket vere klar til bruk.