Ny kontraktsform signert

Vestland fylkeskommune har no signert kontrakt med entreprenør Vassbakk & Stol som skal arbeide med å skredsikre fylkesvegen mellom Folgefonntunnelen og Årsnes i Kvinnherad kommune.

Etter ein periode med forhandlingar har dei to partane blitt einige om målpris for prosjektet.

Tidleg dialog
-Dette er eit prioritert rassikringsprosjekt for fylkeskommunen sjølv om Kvinnheradpakken ikkje er vedteken i Stortinget, seier avdelingsdirektør Dina Lefdal på avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Prosjektet er gjennomført med ein såkalla konkurranseprega dialog og samspelskontrakt i anskaffinga.

-Det betyr at vi har gått i dialog med entreprenør på eit tidleg tidspunkt i planlegginga, og basert på erfaringar og kunnskap frå begge partar fått fram dei beste løysningane i lag. I dialogen har vi diskutert både tekniske, tidsmessige og økonomiske forhold, seier Kathrine Løno Lahlum, som er leiar for utbygging sør i Vestland fylkeskommune. Entreprenør tek sikte på å starte på arbeidet i månadskifte oktober/november.

Utfordrande terreng
-Dette er starten på eit spennande og viktig prosjekt og kontraktsforma har vore utviklande for oss å ta del i. Vi veit at arbeidet vårt skal skje blant høge skjeringar og djupe fjordar, og dette er utfordrande. Trygging på arbeidsplassen har høgaste prioritet hos oss. Ingen skal bli skadd under arbeid!, seier Inge Jan Thorsen som er administrerande direktør i Vassbakk & Stol.

Vegen vidare er at fylkeskommunen og entreprenør skal inngå kontrakt rundt det dei har utvikla saman så langt.

Rassikringsprosjektet omfattar om lag 1400 meter med tunnel, og vegutbetring på delar av strekninga mellom Folgefonntunnelen og Årsnes. Kontraktssummen er på kr. 335 mill.kr.

SIGNERER KONTRAKT: Inge Jan Thorsen, adm.direktør i Vassbakk & Stol og Dina Lefdal avd.direktør infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
SIGNERER KONTRAKT: Inge Jan Thorsen, adm.direktør i Vassbakk & Stol og Dina Lefdal avd.direktør infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.