No startar arbeidet

I veke 43 startar det førebuande arbeidet med å rassikre og utbetre strekninga på fylkesvegen mellom Folgefonntunnelen og Årsnes.

Entreprenør skal etter kvart starte arbeidet med den 1400 meter lange tunnelen i området som skal gå frå Sundal til Kroka.

Enkel dirigering
-Det er ein del ting som må gjerast før arbeidet på sjølve tunnelen startar. Trafikantar vil no sjå arbeid langs vegen, og det vil vere enkel dirigering av trafikken forbi anleggsområde, seier prosjektleiar Bjørnar Eidnes i Vestland fylkeskommune.

Stenging i korte periodar
I starten på november blir 150 meter av vegen på Musskjerneset ved Sundal lagt lengre ut mot sjøen for å frigjere plass til arbeid med
sjølve tunnelinnslaget. Det blir oppstart med skog rydding og sikringsarbeid i dei påfølgande vekene ved begge tunnelinnslaga.

-Det kan bli innsnevring av vegen og stenging av vegen i korte periodar og inntil 45 minutt. Vi tilpassar eventuelle vegstengingar til bussar som går i rute langs vegen.   

Etter det førebuande arbeidet startar entreprenøren med sjølve sprengingsarbeidet der tunnelen skal starte. Her kjem vi tilbake med meir informasjon om trafikkavviklinga.